torsdag 27. juni 2013

Fra bokjøkkenet i 3 etg.


Ida, Henning, Isabel, og Elisabeth inntar frokost etter god gammeldags Husebystandard. 

Lotte og Eirik ser fornøyd ut med juicetilbudet. 

Tor-Martin, Camilla, 

Elisabeth og Hanne ser ut til å være i det mer kontemplative hjørnet. 

Til slutt Mirnesa, Kristin, Mehnaz og Astri i en nokså oppsluppen tilstand. 

onsdag 26. juni 2013

Bilde


Gjengen samler seg på gresset utenfor Huseby kompetansesenter for å fotograferes.

Dagens første tema: Forbruk

Jordskjelv
Mirnesa Balagic
Søppel! Vondt lukt i Oslo. Det oser søppel over alt. Ting blir kasta heile tida. Herregud! Så grusomt.
Eit stort rom med mange ting; fine klede, CD-plater, mobiltelefonar... Ja, alt ser veldig nytt og ubrukt ut. Men desse tinga har blitt lagt bort for at vi skal kaste dei. Dei som eig dei er lei dei. Dei vil ikkje bruke tinga meir. Kva som vil skje med dei er uvisst. Dei vil truleg berre forsvinne, truleg bli kasta og aldri meir bli brukt.
Samfunnet er fullt av bruk og kast. Vi ønsker ikkje  å bruke det vi har lenge. Vi blir påverka av reklame og skal heile tida følgje med. Tenk om heile verda skulle gjere det! Vi vil trenge mange fleire jordkloder, men det har vi ikkje. Jordkloda skjelv i angst og seier rasande frå når ho er lei. Det er det jordskjelvet du høyrer og føler frå tid til annan!
Eg står stille i rommet. Lytter til... Ja. Kva er det eg lytter til, venter på?
Det store rommet er soverommet mitt. Alle tinga som ligg rundt omkring er ting eg har hatt og slutta å bruke opp gjennom åra. Kvar gong e ghar fått ein ny mobil har eg tenkt:
- Eg kan aldri greie meg utan mobil.
Den er alltid i lomma. Alltid med uansett kvar eg er. Ja, eg kan knapt gå på badet utan at mobilen ligg i lomma. Det er viktig å vere tilgjengeleg til ei kvar tid.
Klesskapet står også på gløtt. Haugar med klede ligg pent og pynteleg i hyllene. Eg er eit ordensmenneske. Kan ikkje fordra at ting ligg usorter i skapet. Det skal også vere fargesortering; alt skal matche. Men mesteparten av dette er knapt brukt. Eg er i grunnen ganske lat. Gidd absolutt ikkje å rote gjennom alt for å bruke det som ligg lengst inne i skapet. Tek alltid det som ligg nærast slik at eg kan kle på meg fortast mogleg, og sjølvsagt for at det skal bli betre tid til å sove på morgonen. Mykje av det er heilt nytt også. Eg kan ikkje hugse at eg har brukt dei, noko prislappane på fleire av dei vitner om.
Eg flytter meg frå klesskapet, stiller meg midt på golvet, ser ut over alle eigedelane mine. Rommet mitt gjenspegler korleis eg har vore så lenge eg kan hugse. Men treng eg eigentleg alt dette? Er eg glad i noko av det?
Sanninga er at eg knapt veit at eg har mesteparten. Det er berre der. Ei sjølvfølgje. Eit godt teikn på forbruket i vesten.
Herregud! Eg har mista lysta til å sorteere ut tinga mine for å finne ut kva eg treng og ikkje. Det får bli ein annan gong.
Eg går tilbake til stova og set meg til for å sjå dagsrevyen. Det første innslaget handlar om flyktningane som blir fordrive frå Syra. Eg ser menneske springe omkring i gatene, skrike. Det brenn i bygningar rundt dei. Menneske døyr mens dei forsøker å flykte frå heimane sine for å kome seg i tryggleik.
Eg ser eit lite barn forsøke å kome seg i tryggleik då ei gate blir sprengt og eit stort krater midt i gata opnar seg. Eg ser den vesle jenta miste balansen og falle. Eit lite liv er gått unødvendig tapt!
Denne lille jenta er fødd inn i krigen. Ho har ikkje vald lagnaden sin. Og nå er ho borte. Ho vil aldri få sjansen til å leve eit godt og trygt liv slik eg har gjort.
Eg har hatt ei fantastisk oppvekst med ein snill og kjærleg familie og alt eg kan ønske meg. Men treng eg alt eg har? Treng eg alle mobilane, kleda, CD-ane og alt det andre eg har?

tirsdag 25. juni 2013

Nils Jakob på besøk

I dag var det gjensyn med Nils Jakob, for ikke å si gjenhør!

Hanne, Nils Jakob og Linda i dyp konsentrasjon. 

Her ser Hanne, Nils Jakob og Linda faktisk litt bekymra ut

- men her er alt bare fryd og gammen igjen.

Her hører vi bare lyden av tastaturene.  Mirnesa, Solveig-Marie, Henning, Kasper, Eirik og Tor-Martin. 

Christer og Mirnesa i dyp konsentrasjon. 

Skriveleir dag 3


Ein spennande dag går mot slutten, eller kanskje ikkje. Ingen veit kor lenge folk sit oppe og pratar på leir. Uansett har dette vore ein herleg interessant dag. Vi har skrive dialog, skrive om vennskap og høyrt ei mengd rare og stilige lydar. Jakob Langvik frå radioteateret fortalde oss om lydkulisser. Vi fekk høyre utdrag frå Hanne Ramsdal sitt teaterstykke, og vi har fått høyre ein vaskekte lydbokinnlesar live! Sibeth Hoff imponerte oss alle. Hadde alle lærarar berre vore like engasjerande...:)


Vi har det framleis så triveleg her. Vi fryder oss over tekstane til kvarandre og skriv til det  går heilt rundt i hovuda på oss.

Vennskap

En mørk hule. En kald trekk.
En lys skog. En varm bekk.
Hvor enn man er. Med venner kommer man seg gjennom her.
Et grumsete aquarium. Med forurenset vann.
En klar himmel. Over et rent land.
Hvor enn man er. Med venner kommer man seg gjennom her.
En ensom telttur. Stille gress.
En overfyllt fest. Brusende stress.
Hvor enn man er. Med venner kommer man seg gjennom her.

Komplimentærfarger


De er to. De har nesten alltid vært to. Så ulike som en dråpe vann og en dråpe sirup. Når den ene snakker flyr ordene som småfugler. Lette og frie. De danser nesten. Fargerike og mangfoldige som blomster. Når den andre snakker må hun dra ordene opp fra en dyp sjakt av vinter. Hun er vinterlig. Ikke ustabil. Ikke ute av kontroll. Bare vinterlig.

De er som en positiv og en negativ ladning. Bundet sammen av naturlovene. De balanserer hverandre. Sol smelter iskrystaller. Kjølig vann roer ned en feberhet panne når det trengs. De er hver sin side. Hver sin vinkel.

I hverdagen er det faktisk litt avstand mellom dem. Likevel retter de seg alltid etter den andre. Når den ene gjør et sprang, følger den andre med for å se om det er forsvarlig. Og når den andre blir hengende etter, drar den ene i henne til hun er på samme nivå. De er altid forbundet.

Den ene ser mens den andre lytter. Den ene ser ned mens den andre lytter opp. Så forteller de hverandre hva de har lært.