tirsdag 25. juni 2013

Skriveleir dag 3


Ein spennande dag går mot slutten, eller kanskje ikkje. Ingen veit kor lenge folk sit oppe og pratar på leir. Uansett har dette vore ein herleg interessant dag. Vi har skrive dialog, skrive om vennskap og høyrt ei mengd rare og stilige lydar. Jakob Langvik frå radioteateret fortalde oss om lydkulisser. Vi fekk høyre utdrag frå Hanne Ramsdal sitt teaterstykke, og vi har fått høyre ein vaskekte lydbokinnlesar live! Sibeth Hoff imponerte oss alle. Hadde alle lærarar berre vore like engasjerande...:)


Vi har det framleis så triveleg her. Vi fryder oss over tekstane til kvarandre og skriv til det  går heilt rundt i hovuda på oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar