mandag 24. juni 2013

Endeleg ei tekst til skriveleirbloggen vår!:D

Hei!:D

Her kjem ei tekst til skriveleirbloggen!

Følg med!

Nytt bekjennskap

Mirnesa Balagic

Han går fort botover vegen. Ser seg ikkje tilbake. Trafikken suser på begge sider. Menneske går over vegen, på raudt lys. Typisk Oslo. Der går ALLE på raudt lys. Herregud!

Tunge dråper kjem ned frå himmelen og treff han i ansiktet, på hovudet, i auga...

Han stopper pliktoppfyllende framfor lyskrysset på raudt. Ser nesten alle dei andre gå over. Sukk!

Plutseleg fanger han blikket til ei jentee som står på andre ssida av vegen. Ho har kryssa gata og står heilt stille og ser tilbake på han. Kvifor gjer ho det? Rar åtferd.

Han ser ho inn i auga og ho smiler litt, berre ei lita trekning i ansiktet. Så forsvinn ho brått i mengda.

Han klarer ikkje å slutte å tenke på ho på veg heim. Tankane kretsar på dei pene mørkegrå auga hennar. Dei har liksom brent seg fast på netthinna og vil ikkje forsvinne. Han forsøker å vise ut kjensla, men det er umogleg.

to år seinare.

Han går fort botover gata. Har dårleg tid. Møtet byrjer snart. Han kjenner stresskofferen mot beinet. Den gjer at han ikkje kan gå like fort som han hadde ønskt. Pusten er også veldig tung. Herregud! At det ikkje går an å få tid til nokre timar på treningsstudio.

Tunge dråper kjem ned frå himmelen og treff han i ansiktet, på hovudet, i auga...

Han stopper opp i lyskrysset, faktisk glad for at det er raudt slik at han kan ta seg ei pause. Han plukker fram eit lommetørkle frå stresskofferen og tørker seg i panna. Reiser seg opp for å vente på grønt lys.

På andre sida av vegen møter han to store, grå auge som ser på han. Pusten stopper opp. Han ser tilbake utan å kunne bevege seg. Det blir grønt lys, men han greier ikkje å krysse vegen. Lyser blir nok ein gong raudt og han blir ståande som forsteina. Like etter skifter lyse til grønt att, men han får framleis ikkje lemmane til å bevege seg.

"Hallo" Skal du bli ståande der til i kveld?".

Han snur seg rundt, og der står ein mann med akkurat maken stresskoffert. Det gjer at han reagerer.

"Jada, eg måtte berre..."

Hallo! Han må jo følgje etter henne, snakke med henne. Ja, kva som helst. Han går fort over veggen. Pusten går tre gonger så fort. Han må berre...

Han går fort over vegen, stopper, ser seg omkring. Men ho er ikkje der. Kvar vart det av ho? Ho kan da ikkje berre forsvinne sånn utan vidare.

Ein stor klump legg seg tungt og vondt i magen. Ho kan ikkje berre forsvinne slik som sist! Han må få prate med ho denne gongen. Finne ut kven ho er, kvifor auga hennar har slikt makt over han, mystikken hennar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar