søndag 30. juni 2013

Dag seks og sju


Den nest siste dagen reiste vi etter frokost til Norsk lyd og blindeskriftbibliotek for å lese inn tekstene til lydboka vår. Til tross for trøttleik og nerver gjekk det veldig bra for alle!

Etterpå fordelte vi oss. Dei som ønska det reiste tilbake til Huseby for å førebue seg til kvelden, mens andre reiste til Oslo City for å shoppe litt. Vi har altså sørga for å gjere Oslo veldig utrygt i omlag ei veke.

På kvelden hadde vi avslutningsfest; å for ein fest! Sang og musikk, fantastiske taler, refleksjonar, latter, tårer, god mat og ein munter sosial tone. Ja, det er oppskrifta på ein fantastisk kveld. Kvelden vart avslutta med ein spennande gavedikt-leik, samt ein skriveleirsang. Vi har tradisjon for å lage skriveleirsang kvar gong. Denne blir laga av festkomitéen og den som elles måtte ønske å bidra. :-)
Den aller siste delen av kvelden vart tilbrakt med sosialt samvër og musikk i stova.

Laurdagen, (i går), var siste dag på skriveleir. Vi starta dagen på beste vis; med pannekaker og lønnesirup. Betre kan det ikkje bli!

Så kom dessverre tida for avskjed og vi måtte så altfor fort hente bagasje og kome oss heim.

Skriveleir er no over for denne gong, og vi sit att med mange gode minner. Mange av desse minnene er foreviga i bloggen og på Facebook.

Fortsett å skrive! Fortsett å følgje med!

Vi gler oss allereide til neste gong!:D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar